Tekst og foto: Arsema Medhenu

Fredag formiddag var muslimar frå Hareid og Ulstein samla på asylmottaket i Ulsteinvik, for å markere slutten på fastemånaden Ramadan.

Refak Ghazi frå Irak har budd meir enn tjue år i Ulsteinvik. Han fortel at det er eit kjempebra miljø blant muslimane her.

-   Vi har Eid to gongar i året. Den første kjemi etter ramadan,  det er ein fest for muslimar for at dei har fasta. Den andre kjem etter Haj (dei som fer til Mekka for oppfylle reglar for islam). Dette er ei feiring for dei 5 boda vi har fått frå profeten Mohammed.

I dag ber du saman med mange andre, har du alltid gjort det?

- Å be gjer vi kvart år her, vi har mange frå ulike land og kulturar, men vi ber saman.

Fastetida varer lenge, blir ikkje de trøytte når de er på jobb?

- Ja, sola er oppe lenge her i Noreg, men viss du er sterk i trua, er alt lett. Jobben er ikkje noko problem for oss, fordi ramadan handlar om å bli eit betre menneske og å gjere ting betre. Og nei, vi blir ikkje trøytte.

Når startar fastetida, og er det obligatorisk for alle muslimar?

- Fasten er obligatorisk for alle muslimar når kjem i puberteten. Dersom ein har tungt arbeid, så kan du ikkje faste. Men viss du slepp å faste i ramadan, må du ta det igjen i løpet av året.

Flyktningar som feirar Eid, saknar dei heimlandet sitt?

- Ja, vi saknar kulturen, festivalane i byene, men det er like greit her i Noreg også, fordi vi har eit kjempebra miljø blant muslimane her i Ulstein og Hareid.

Kva gjer de når det er Eid?

- Vi tek ei bøn om morgonen alle saman, vi har på oss nye klede, gir gåve til borna, besøker familie og vener, et saman. Eid er å ha det gøy og takke Gud for alt.