– Her ligg eit potensial for framtida, sa dagleg leiar Øyvind Amdam under orienteringa si til generalforsamlinga i Ulstein Fjernvarme. Han viste eit kart over kvar anlegget har bygt ut og der ligg røyr, og kva prosjekt dei har på gang.

Styreleiar Erik Andreassen forklarte at det er naturleg at fjernvarmeanlegget går i minus desse åra dei er under oppbygging, men etter kvart som dei får knytt fleire kundar på anlegget, så vil dei også få inntekter, forklarte han, og la til at det går tregt å få nye kundar. Dei vurderer heile tida fortløpande kva dei bør byggje ut.

Selskapet har vore i kontakt med fleire store utbyggjarar og verksemder. Det er aktuelt å knytte både nye bygg på anlegget, og eksisterande bygg.

Selskapet har nok vore uheldig i tidspunktet dei byggjer ut fjernvarmeanlegget på, med industri og næringsliv som slit. Kommunale bygg har dei meir styring på. No held dei på å leggje røyr opp Petterbakken, så dei kan nå ungdomsskulen og Ulsteinvik barneskule. Energisentralen på Ulstein Arena greier å forsyne energi til fleire.

Alvehaugen vart også nemnd som aktuelt å få knytt på anlegget. Der har dei på plass alle grunnavtalar som trengst.

Amdam hadde håpt at det nye bustadfelt i Holsekerdalen snart kom på plass, men den saka valde kommunestyret tidlegare i år å utsetje med til dei har arealdelen til ny kommuneplan klar.

Tredobla inntekter

– Det er kjekt å sjå at inntektene er tredobla, kommenterte Knut Erik Engh (Frp) og rosa styret for å vere framoverlente.

I rekneskapen ser ein at driftsinntektene til selskapet har auka frå 1,27 millionar til litt over 4 millionar frå 2016 til 2017.

Slå saman med UEKF

I omstillingspakken frå rådmannen blir det foreslått å slå saman Ulstein Eigedomsselskap KF med Ulstein Fjernvarme for å spare pengar.

Denne framtidige samanslåinga vart tenkt på i val av nye styremedlemer. Jostein Kiperberg vel no å gå ut av styret, for å erstatta han valde dei inn Roy Henning Haddal, som også er styreleiar i UEKF.

Erik Andreassen, Ellen Skodjevåg Bø og Linn Urke Osnes held fram i styret.

Honorar til styret blir som før. 30 000 kr til styreleiar og 20 000 til styremedlemene.