Brandal sa at rekneskapen viser at Hareid er på veg ut ei eit skikkeleg uføre, det må difor takast grep no. Hareid må spare der dei kan, men på ein slik måte at det i minst mogleg grad går utover tenestene til innbyggjarane. Ein må vere spesielt varsam på områda velferd og oppvekst.

Folkelista, Framstegspartiet og Høgre fremje eit forslag om at Rådmannen kjem med eit forslag til ekstraordinært formannskapsmøte om konkrete innsparingstiltak innan velferd, samfunnsutvikling, læring og kultur og sentraladministrasjonen på til saman 4,7 millionar kroner.

Kutta skal gjerast i samarbeid med dei tillitsvalde og i størst mogleg grad vere i administrasjonen. Innsparingane skal i minst mogleg grad gå ut over tenestene til innbyggjarane.

For mange innkjøp til at det lar seg styre

Framleggsstillarane ville eigenleg ha med eit punkt i vedtaket om at alle innkjøp, med unntak av nødvendig driftsmateriale, frå og med dags dato skal godkjennast av formannskapet. Men det vart tatt ut, etter ein del motbør i salen.

Annika Brandal (Venstre) jobbar sjølv i administrasjonen i Ulstein, og ho sa at dei gjer innkjøp heile tida. Kven skal avgjere kva som er naudsynte innkjøp?

Det same så Olav Helt Brubakk (Kristeleg Folkeparti) som også er kommunalt tilsett. – Det er mange innkjøp i ein kommune, tusenvis, sa han og meinte det ville vere tungvint om formannskapet skulle godkjenne alle.

Rådmann Ragnhild Velsvik Berge meinte at om formannskapet skal godkjenne alle innkjøp vil det føre til mykje administrativt arbeid for politikarane. Ho meinte denne jobben ligg i mandatet til rådmannen. Det er betre at ho rapporterer til formannskapet kvar månad. Ho meinte at administrasjonen har god budsjettstyring, det er sviktande inntekter som er problemet.

Hadde tenkt på innsparing

Til kommunestyremøtet hadde rådmannen lagt fram eit forslag til vedtak under budsjettrevisjon. Ho rådde kommunestyret til å godkjenne ei innsparing på 1,912 mill. på velferd, 826 000 kroner innan samfunnsutvikling og 1,962 mill. på læring og kultur. Kutta skal gjerast i samarbeid med dei tillitsvalde.

Men ein del politikarar kjende seg ikkje komfortable med å vedta noko slikt. Dei ville vite kva eit slikt vedtak innebar. Jens Peder Brandal (Framstegspartiet) sa at han som kommunestyrerepresentant vil kunne svare folk han treff på gata om kva dei har kutta på og kvifor.

Kjetil Nesset (Folkelista) og Ottar Røyset (Høgre) stussa på summane som ikkje var runda av. Kvar var det rådmannen planla å svare? Nei, det kunne ho ikkje seie. Dei hadde diskutert innsparinga i rådmannsgruppa, men dei måtte først vite kva summar dei skal spare inn, før dei hadde noko konkret. Når dei har det klart vil ho kome tilbake og orientere.

Det kom også fram at det innan barnevern trengst meir pengar, 2,396 mill. Og det må løyvast 200 000 kr + MVA til opprydding på «Kjøsaplassen».

Etter ein del diskusjon, fleire gruppemøte, pause der kommunestyrerepresentantane fekk vere med på opninga av Opplev Hareid og hadde ete rjomegraut i lag, vart det justerte framlegget frå Folkelista, Høgre og Framstegspartiet vedteke med 14 mot 6 røyster.

Ikkje før ferien

I vedtaket står det ikkje nokon dato. – Det skulle byggje på ein prosess med tillitsvalde, og då er det umogleg før ferien, svarer Berge lokalavisa på spørsmål om når ho vil ha kuttlista klar.