– Det er mange fordelar med å drive fysisk aktivitet. Du blir etter kvart i betre fysisk form, du blir sterkare, og du får meir energi. Det gjer at arbeidet går lettare. Er kroppen din sterk, kan du unngå ein del belastningsskadar. I tillegg blir ein ofte i godt humør av å trene.

Kva er fordelane med å vere fysisk aktiv i forhold til å vere passiv?

– Det er heilt sikkert betre å vere fysisk aktiv enn å ikkje trene i det heile. Du held kroppen din ved like og dine daglege gjeremål vil gå lettare. Å trene litt er betre enn å ikkje trene i det heile. Dersom forma skal bli betre, bør ein trene fleire gongar i veka.

Er all form for trening like bra og effektiv?

– All form for trening er nok ikkje like effektiv. Det er viktig at du sjølv finn ei treningsform som du trivst med der du får trent både kondisjon og styrke. Det kan også vere lurt å variere måtane ein trenar på. Mange likar å gå tur eller jogge på dei flotte turvegane vi har fått i Ulsteinvik i det siste. Andre vil nytte seg av det nye symjeanlegget ved Ulstein Arena. Atter andre vel å trene på treningssenter eller melde seg inn i eit idrettslag.

Er det forskjell på dei ulike treningsformene? For eksempel Zumba, Yoga, Aerobic og andre?

– Ja, det er det. Zumba er ei danseprega treningsform. Dei som likar å danse og trene til god musikk vil gjerne trene zumba. Aerobic er styrke- og uthaldstrening til musikk. Yoga er både mental og fysisk trening. Innanfor desse treningsformene finst det igjen mange ulike retningar.

Kor mange år har du jobba og kvar jobba du?

– No er eg pensjonist. Etter gymnaset arbeidde eg eit år som sekretær for ei eksportbedrift for møblar i Ørsta. Eg fann då ut at sekretærjobben vart for stillesitjande for meg. Eg bestemte meg difor for å ta lærarutdanning og bli lærar i kroppsøving og engelsk. Etter fullført lærarutdanning fekk eg meg jobb som lærar ved Ulstein ungdomsskule og arbeidde der i vel 42 år. Der underviste eg for det meste i kroppsøving, engelsk, norsk og musikk.

Har du vore trenar i mange år? Trivst du med å vere trenar?

– Eg byrja som turntrenar då eg var 16 år og tok etter kvart trenarutdanning i turn, rytmisk gymnastikk og aerobic, så eg har vore trenar i meir enn 50 år. Det har vore svært interessante og morosame år. Eg har utruleg mange gode minne frå tida som trenar.

Kva med dei som ikkje har tid eller har helseproblem?

– Eg synest trening er viktig for alle. Dei som har problem med helsa, kan få tilpassa treningsopplegg hos lege eller fysioterapeut. Trening er ei prioriteringssak. Dersom du vil halde kroppen din ved like, er det viktig å trene. Litt trening er betre enn inga trening. Dersom du finn fram til ei treningsform som passar akkurat deg, vil treninga bli lystbetont og ikkje eit ork.

Har du nokon planar om når du vil slutte som aktivitetsleiar?

– Eg slutta som trenar då eg vart 60 år, men starta på igjen året etter. Kor lenge eg vil halde fram som trenar, veit eg ikkje,

men så lenge det er kjekt, vil eg

halde fram ei stund til. Fysisk aktivitet kjem eg nok til å drive med så lenge kroppen tillet det.

dametrim: Ragnhild Kriken Garnes har i vår leia trim for kvinner nokre måndagar på Ulstein Arena. Foto: Arsema Medhenu Foto: Arsema Medhenu