Mellomalderkvelden i Hareid kyrkje torsdagskvelden var ein del av Opplev Hareid. Og soknet såg det som heilt naturleg at kyrkja er ein del av denne festivalen. Kyrkja har stått i sentrum i alle tider, og det skal dei halde fram med.

Denne kvelden var også oppstarten på Hareid kyrkjeakademi. Kyrkjeakademiet skal vere eit tiltak som tar opp ulike tema kring tru, kultur og samfunn.

Kyrkja var full denne kvelden, så det kan sjå ut til at det er mange innbyggjarar i Hareid som er interesserte i eit slikt tilbod.

Dagens kyrkje var bygt og vigsla i 1877, men historia til kyrkja er lenger enn det. Den første kyrkja i dette området trur me er frå 1200-talet. Då var truleg skip og kor i same breidde. Og det var gluggar for å få inn lys.

Dei første vindauga kom på 1500-talet Det vart bygt kor, våpenhus og tverrskip på 1600-talet. Store problem i grunnen førte til fleire reparasjonar og utskiftingar utover på 1600-talet. Kyrkja brann til grunnen etter eit lynnedslag i 1807.

Nytun fortalde at det var mange kyrkjer som brann på grunn av lynnedslag på denne tida. Han mistenkjer at ein del kyrkje brann for at der var krefter som ville ha ny kyrkje.

Kyrkjene vart gjerne bygt stader som var viktige rituelle stader også i førkristen tid. Og Hareid kyrkje står like ved ein gamal bautastein. Så folk fekk behalde kultstadene sine, men dei vart kristna.

Det er ein del historier om korleis kyrkjer kom til, også Hareid kyrkje. Men dei er nok helst mytar og segn.

Under mellomalderkvelden sat mennene og kvinnene på kvar si side i kyrkja. Nytun sa at dette ikkje var slik dei gjorde dei i mellomalderen, for då hadde dei ikkje benker eller stolar i kyrkja. Folk måtte stå. Med reformasjonen kom benkene, der kvinner og menn sat på kvar si side.

Sirene, dirigert av Torgeir Hauge, sørgde for vakker musikk som passa for kvelden. Og ei songgruppe frå Bigset Blandakor, under leiing av Leiv Arne Grimstad, song mellomaldermusikk, utkledde som munkar. Dette sette ei fin ramme for kvelden, som vart avslutta med barkebrød for dei som ville smake.