Sundag var aktivitetsdagen under Opplev Hareid.

Familiens aktivitetsdag vart flytta frå parken til Hareidhallen. Det var også Singbackkonserten med songelevar frå Hareid musikk- og kulturskule. Elevane til songlærar Brigitta Hauge song fint og med glede og sjarm. Her var mange songar henta frå Melodi Grand Prix Junior, noko som gjorde at det var nok mange barnefamiliar i salen som kunne songane.

Hareidsrampen var til stade også i dag. Og Tare kom med overraskingar til borna.

Hege Holstad har koreografert ein eigen dans til den nye "Opplev Hareid-songen". Ho kom fram på scenen og viste stega i lag med ein del born, så fekk alle som ville hive seg med i dansen.

Deretter var det aktivitetar for store og små. Alle vaksne vart oppmoda om å vere med på aktivitetane og leike seg i lag med borna sine.

Det var også hoppeslott utanfor Hareidhallen, noko som var populært.

Gode Greier var på plass med den nye matbilen sin, og bak i salen var det kafé.