Natt til sundag vart ein bil med fem personar stoppa i Ulsteinvik av politiet. Dei hadde skote med luftgevær fleire gonger frå bilen. Ingen personar vart skadde. Politiet tok frå dei tre luftgevær, og dei tok også førarkortet til bilføraren.

Dei involverte blir anmeld for dette.