-Idrettsstipendet vart første gong delt ut i 2017, og er ei ordning som skal vere med å gje utøvarar og klubbar moglegheit til å utvikle seg vidare og halde fram satsinga si, sa Marit Nerås Krogsæter, leiar i kultur- og folkehelseutvalet, då ho delte ut prisen saman med fylkesordførar Jon Aasen (Ap).

Toralv Opsal er Dimna IL-utøvar, og klubben får dermed 10.000 kroner i gåve frå fylket. Den kvinnelege prisvinnaren i år var brytar Silje Knutsen Kippernes. Vestnes Varfjell IL avdeling kampsport fekk klubbprisen på 50.000 kroner.