Ulstein kommune har invitert brukarar og pårørande til møte om Snoezelen.

Det skriv rådmannen i ei orientering til kommunestyret torsdag.

Fleire har sagt at dei ikkje har fått informasjon om flyttinga av tilbodet frå Reiten til Holsekerdalen, som skal vere gjennomført frå august.

Rådmannen viser til at PPT ikkje lenger tilrår metoden, men at kommunen likevel vil oppretthalde tilbodet fordi det er godt innarbeidd og ønskt av brukarane.