Torsdag skal Ulstein kommunestyre vedta nokre reglar for busetting av flyktningar utover avtalen med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) og ramma som er vedtakk i kommunestyret.

I sakspapira står det at Ulstein kommune jamnleg får førespurnad om busetting av flyktningar utover denne ramma.

Saka har vore oppe i levekårsutvalet, og dei gjekk samrøystes inn for tilrådinga frå rådmannen:

- Ulstein kommune busett flyktningar etter avtale med IMDi. Ved særlege høve kan busetting utanfor avtale med IMDi vurderast. Kriterie som skal vektleggast: særskilt tilknyting til kommunen gjennom familie (ektefelle/sambuar, born eller foreldre), ektefelle/sambuar har jobb i kommunen.

- Ulstein kommune kan gjere avtale om alternativ mottaksplassering når det føreligg særlege grunnar for dette.

- Det skal ligge til kommunalsjef for oppvekst og kultur å ta stilling til busetting i slike tilfelle.

- Der det er vanskeleg å trekke ein konklusjon ut frå kriteria over, skal saka leggjast fram for Levekårsutvalet.