Vi får med jamne mellomrom meldingar om at det er observert kråker med lys fjørdrakt i dekningsområdet vårt. Nyleg kunne Åshild Tuvik Kleppe frå Remøya rapportere at ho hadde sett ei slik kråke ved Amfi i Ulsteinvik.

Ho fortel at ho og mannen hennar hadde parkert på oppsida av kjøpesenteret og då dei var på veg inn vart dei stoppa av ein mann som lurte på om dei ville sjå noko rart.

– Det var eit litt underleg spørsmål, men mannen såg svært glad ut. Han kunne fortelje at det sat ei kvit kråke på andre sida av inngangspartiet, fortel Åshild.

Dette synte seg å stemme. Fuglen var rett nok ikkje heilt kvit, den var lys med brunt hovud. Men ei kråke, det var det.

– Eg fekk inntrykk av at dette var ein temmeleg ung fugl. Den hoppa rundt på bakken utan å gjere noko forsøk på å flyge og verka å vere å vere nok så uredd, seier Åshild som ønskjer å takke mannen som gjorde henne merksam på kråka.

– Dette var ei flott oppleving, seier ho.

Etter besøket i Ulsteinvik drog ho og mannen vidare til Moltu der dei skulle gå på fjelltur.

– På veg ned frå fjellet såg vi enda ei kvit kråke som sat i lag med ein gruppe svarte kråker. Hadde vi ikkje allereie sett ei uvanleg kråke tidlegare på dag, hadde vi nok ikkje forstått at også dette var ei kråke. Diverre flaug både den kvite og dei svarte kråkene sin veg før vi rakk å ta bilde av dei, seier Åshild.

Ornitolog Alv Ottar Folkestad fortel at det kan sjå ut til at det vert stadig fleire kvite kråker.

– Den korrekte nemninga er elles leucistiske kråker. Det er mangel på pigment som gjer fjørdrakta deira lys, men kråkene er ikkje albinoar, presiserer Folkestad.

Han kan fortelje at han såg den første leucistiske kråka her i distriktet på Skeide tidleg på 90-talet.

Eit svart kråkepar kan gjerne få kvitt avkom, så lenge begge to ber med seg genet som hemmar pigmenteringa.

– Eg følgde eit kråkepar med normal farge ved kyrkjegarden på Osneset. Eitt år kom det tre lyse ungar av kullet på fire, fortel han.

I vårt distrikt er førekomsten av desse kråkene størst i området Skeide til Saunes, men Folkestad fortel at han har fått meldingar om observasjonar både frå Moltu og Voldsund, ja frå Ørsta og Hessa med.

– Vi kallar dei ulsteinkråker, ettersom dei mest truleg stammar her ifrå, seier han.

Ulempa ved å vere ei leucistisk kråke er at fjørdrakta slitest raskare.

– Fjørene vert meir sårbare for både mekanisk slitasje og for ultrafiolett stråling, opplyser Folkestad.