(NPK): Ei ekstra setning i stillingsannonsen kan gjere ein stor forskjell, meiner leiar Fredrik Hope.

– I mange kommunar i dag er det ikkje ein standard at ein nemner at ein treng lærarar med nynorskkompetanse, seier Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom, til NRK.

Sende brev til 140 kommunar

Nyleg sende han og målungdommen ut 140 brev til norske kommunar. Der bad dei om at kommunane skal skrive i stillingsannonsane at læraren må kunne nynorsk godt.

– Ei lita setning i kommunane si stillingsutlysing kan gjere ein stor forskjell for nynorsken og nynorskelevane, seier Hope.

Dersom lærarane på nynorskskular kan nynorsk for dårleg, vil også elevane slite med hovudmålet sitt.

– Nynorskelevar kan nynorsk og bokmål like godt, men er litt dårlegare i hovudmålet sitt enn dei som har bokmål, fortel Hope.

Målungdommen vil også ha strengare krav til lærarutdanninga. Hope seier mange lærar kjem frå område der dei ikkje har lært nynorsk godt nok til å undervise i det, men at mange studentar og lærarar dei møter skulle ønskt at dei hadde lært det betre.