Ulstein Arbeidarparti er ikkje fornøgd med opplysningane politikarane har fått om omorganiseringa av Ulstein Kompetansesenter og spesielt Snoezelen-tilbodet.

Kommunen vil flytte tilbodet frå Reiten til Holsekerdalen 24, og det har skapt reaksjonar frå brukarar og familiane deira.

Partiet vil difor legge fram eit såkalla oversendingsframlegg i kommunestyret torsdag denne veka.

Forslaget har denne ordlyden:

"Ulstein Arbeidarparti ser med uro på planane om omorganisering av Ulstein Kompetansesenter og då spesielt Snoezelen-tilbodet.

Ulstein Arbeidarparti er så langt ikkje tilfreds med dei opplysningane ein har fått om denne avgjerda og prosessen rundt denne. Både når det gjeld dei faglege vurderingane, om prosess og brukarmedverknad registrerer ein stor avstand i synspunkta. Ein registrerer sein og mangelfull informasjon om avgjerda, til politiske organ, så vel som til brukarane.

Ulstein Kommunestyre ber Ulstein Formannskap vurdere å gjere fylgjande vedtak:

1.            Be rådmannen legge fram eiga sak om Snoezelen-tilbodet og organisering.

2.            Be rådmannen sikre ein god prosess gjennom tverrfaglege vurderingar, der tilsette, fagforeiningar og brukarperspektivet er godt representert.

3.            Å oppretthalde Snoezelen som undervisningsarena på Ulstein Kompetansesenter, til eiga sak til politisk handsaming ligg føre.

4.            At saka vert å legge fram snarast råd for politisk handsaming for endeleg vedtak i Ulstein Kommunestyre, men seinast i samband med budsjett og økonomiplan i desember 2018.

5.            Ulstein Kompetansesenter har status som skule, med eigen rektor. Ein ber rådmannen gjere greie for kva totalkonsekvensar igangsett omorganisering vil få for Ulstein kompetansesenter som skule."