– Det er viktig å bidra med denne vesle summen, sa ordføraren frå talarstolen og meinte at dei vil få igjen for dei 25 000 kronene kommunen investerer.

Det blir no arbeidd for å etablere eit aksjeselskap der alle kommunane som er medlemer av Sunnmøre Regionråd blir inviterte til å delta som eigarar. Føremålet med aksjeselskapet er å styrke Sunnmøreregionen gjennom å «utvikle Ålesund Lufthamn, Vigra til beste for innbyggarar og næringsliv.» Føremålet er ikkje å svekka Ørsta/Volda lufthamn sin posisjon, men å styrke og etablere direkteflyruter til utlandet frå Vigra. Vigra er den einaste flyplassen i fylket med status som nasjonal lufthamn.

I tilrådinga frå formannskapet stod det at dei såg positivt på denne etableringa, men at dei ikkje hadde høva til å gå inn med pengar, men det fekk altså Riise snudd med 12 mot ni røyster.

– Eg synest denne saka er veldig viktig. Skal Sunnmøre stå seg i kampen mot dei store byane må me stå i lag, sa ordføraren og argumenterte med ar næringslivet i regionen treng eit godt flytilbod frå Vigra. Dei konkurrerer på internasjonal arena, og då må dei kunne reise ut i verda, og folk kunne kome reisande hit.

Ein skikkeleg flyplass er også viktig for turismen, som er eit viktig potensial framover, meinte Riise.

Forumet vil også sjå på transport til og frå flyplassen.

Ingen andre enn Riise bad om ordet i denne saka.

Skal opp i Ulstein torsdag

Førstkomande torsdag skal Ulstein kommunestyre ta stilling til om dei skal melde seg inn i Utviklingsforum for Ålesund Lufthamn Vigra.

Då saka var oppe i formannskapet førre veke vart ordførar Knut Erik Engh (Framstegspartiet) funnen ugild sidan han sit i interimsstyret. Han var difor ikkje med på å handsame saka. Varaordførar Steinar Torvik (KrF) leia møtet under handsaminga av denne saka.

Tilrådinga frå formannskapet er at Ulstein kommune melder seg inn og kjøper ein aksje på 25 000 kroner.

Frå 2019 vil Ulstein kommune bidra med 42 285 kroner i årleg driftsstøtte til selskapet.