På Fylkestinget vart det vedtatt eit investeringsprogram for fylkesvegar 2019–2027. Med denne saka låg det eit fornyingsprogram for fylkesvegnettet.

Lista til Statens vegvesen er over aktuelle prosjekt, men i uprioritert rekkjefølgje. På denne lista står fylkesvegen på Dimna. Venta kostnad er på to millionar kroner. På ei anna liste står gang- og sykkelveg på Garnes, som er kostnadsrekna til ti millionar. Gang- og sykkelvegen er foreslått bygt i perioden 2023–27.

Bjarne Kvalsvik sit i samferdsleutvalet i fylket og seier at ein del kommunar er veldig aktive og står på for å få gjennomført prosjekt i sin kommune. Men Ulstein kommune er ikkje ein av dei. Her har han ei klar oppmoding til Ulstein: – Ulstein er ikkje særleg framoverlente. No må dei stå på og vise behov for opprusting av vegen på Dimna, så ikkje vegen hamnar nedst på prioriteringslista, er den klare oppmodinga frå fylkespolitikaren.

Han melder om at det vil bli stramt framover i fylket, så no må Ulstein stå på og få fortgang på vegprosjekta i sin kommune. Dei må argumentere og overtyde fylket om at det hastar.