Det er Vestlandsnytt som melder (Ekstern lenkje) at det blei ein auke både i inntekter og på resultatsida for Sunnmørsbadet i 2017. Rekneskapen blei lagt fram på generalforsamlinga tidlegare denne veka.

Konkurransen frå badeanlegget i Ulstein har dermed ikkje lagt ein spesielt stor dempar på resultatet eller inntektene til Sunnmørsbadet.

Sunnmørsbadet klarte i staden å auke omsetninga i høve 2016.

Omsetninga auka med 267.000 kroner frå 2016 til 2017, og samla driftsinntekter blei på solide 12,1 millionar kroner. Etter avskrivingar blei driftsresultatet på 140.000 kroner.

Årsresultatet blei på minus 581.000 kroner.

Som Vestlandsnytt skriv må resultatet vurderast i forhold til at badet er det einaste i Møre og Romsdal som ikkje får offentleg driftsstøtte.