Ein bil med to personar var onsdag involvert i ei trafikkulukke i Eiksundtunnelen.

Begge dei to kom seg ut av bilen, opplyste politiet.

Tunnelen vart stengd.

Ulukka skjedde rundt 500 meter frå tunnelopninga på Eika.

Skadeomfanget var lenge ukjent.

Oppdatering klokka 12.56:

Ein person blei køyrd til legevakta og ein person til sjukehuset i Volda.

Politiet sette i gong med å få andre bilar ut av tunnelen.

Tunnelen var på dette tidspunktet framleis stengd og bergingsbil var på veg til staden.

Oppdatering klokka 13.27:

Tunnelen er opna igjen. Årsaken til hendinga blir etterforska vidare av politiet.