(NPK-NTB): Nyheita kom i samband med at Jensen presenterte den nye bustadlånsforskrifta tysdag. Bakteppet er ei forbruksgjeld i kraftig vekst, noko som skaper uro for at fleire hushald kan få gjeldsproblem.

– Styresmaktene har difor sett i verk ei rekkje tiltak for å få denne marknaden til å fungera betre. Tiltaka må få tid til å verka, og bankane som tilbyr forbrukslån, må etterleva krava som blir stilt, seier Jensen, men legg til:

– På eitt område ser vi allereie no at det er behov for å stramma til. Vi ser at det dessverre er enkelte som ikkje etterlever retningslinjene til Finanstilsynet for forsvarleg utlånspraksis for forbrukslån godt nok. Eg har i dag bede Finanstilsynet om å føreslå forskriftsfesta krav til utlånspraksis, også for forbrukslån, seier finansministeren.