(Vestlandsnytt): – I Noreg har vi mange fjell og utfordrande adrenalinturar, men studiar viser at majoriteten av folk for det meste ynskjer lågterskel-turtilbod. Her ser eg store moglegheiter på Sunnmøre.

Dette seier Martin Hauge-Nilsen. Saman med Arve Haugland har 32-åringen, som er busett i Ulsteinvik, bestemt seg for å satse på naturguideyrket. Saman driv dei no bedrifta Fjellføraren som tilbyr alt ifrå lettare turtilbod til turar for meir vidarekomne adrenalinsøkjarar.

– Sjølv om det kan bli vanskeleg på dette stadiet, er målet at eg kan gjere det til eit levebrød å tilby turar i den sunnmørske naturen, fortel Hauge-Nilsen, som elles nyleg fullførte eit årsstudium i naturguiding ved Høgskulen i Volda.

Naturperler i Herøy og Sande

Som del av utdanninga leverte Martin ein prosjektplan for guiding i lokalmiljøet. Her var Herøy og Sande sentrale i fleire av turane som var nemnde som potensielle perler i den sunnmørske naturen.

– Eg har etter kvart blitt veldig glad i turmoglegheitene på Sandsøya og spesielt Dollsteinhola, fortel han, og nemner også Mulevika og Rundefjellet som andre vakre naturperler som han ser for seg som gode stadar å guide.

Ute i øyane er eit stort potensial då vanskegraden på turane er låg, fortel han.

– Berre enkle fjøreturar trur eg har stort potensial, fortel Martin, og peikar for eksempel på Kvalsvika som ein fin kandidat for fjøreutforsking.

Vil samarbeide

Hauge-Nilsen er klar over at det nyleg er oppretta ei ny opplevingsteneste gjennom Explore Fosnavåg. Han ser ikkje for seg at Fjellføraren si verksemd skal vere i direkte konkurranse med andre lokale tilbod, men heller ein samarbeidspartnar.

– Vi har allereie samarbeid med hotell Ivar Aasen i Ørsta og kan såleis tenke oss å samarbeide med tilsvarande aktørar i både Fosnavåg og Ulsteinvik. Vi strekker gjerne ut ei hand om det er interesse for slikt, avsluttar Hauge-Nilsen.

Han hintar også mot at dei tek sikte på å arrangere turar i Sande og Herøy i sommar.

Denne saka blei først publisert av Vestlandsnytt.