– Eg var ikkje i tvil om at eg skulle gå til politiet med brevet, så det gjorde eg med ein gong, fortel Sukka då Vikebladet Vestposten kjem på besøk. Sukka og kona Annvor oppdaga brevet i postkassa, då dei kom heim frå ferie for eit par veker sidan.

I brevet står det at IP-adressa til Sukka har vore brukt til ulovleg nedlasting av filmar/bilde. Det vert truga med fengsel og bøter, men også at «Vår klient er villig til å frafalle saken, dersom de betaler 3.770 kroner innen 7 dager.» Brevet er underskrive prosessfullmektig Conrad Hengeler.

– Medan vi var på ferie, såg vi faktisk dette brevet omtalt i ei nyheitssending på tv, så eg forstod med ein gong at dette var svindel, fortel Sukka.

– Tilfeldige personar

Bjarne Sukka er ikkje den einaste på Hareidlandet som har fått brev frå Hengeler & Latham LTD. Politiet har også fått innlevert eit likelydande brev frå ei kvinne i Ulstein. Lensmann i Ulstein og Hareid, Hans-Eirik Pettersen, fryktar at endå fleire har fått eit slikt brev.

– Eg er redd nokon som får dette brevet faktisk går i fella og betaler. Det vil i så fall vere det siste dei ser av pengane, for dette vil eg kalle utpressing, seier han.

Lensmannen seier at Bjarne Sukka og mottakaren i Ulstein gjorde det einaste rette då dei gjekk til politiet.

– Ja, eg oppmodar dei som får slike brev om å melde frå. Dette er ein ganske ny form for kriminalitet, som brer raskt om seg. Og det er heilt uskuldige og tilfeldige personar som vert plukka ut, seier Pettersen.

– rein svindel: Lensmann i Ulstein og Hareid, Hans-Eirik Pettersen, seier at folk ikkje må finne på å betale kravet. – Dette er utpressing, seier han.

Over heile landet

Det er ikkje berre i Hareid og Ulstein det har dukka opp brev frå advokatfirmaet i München. For eit par veker sidan åtvara Forbrukarrådet, etter å ha fått spørsmål frå heile landet.

– Ikkje svar eller betal, men send ein kopi av brevet til politiet der du bur. Du vedgår ikkje ulovleg nedlasting av den grunn, så du har ingen ting å frykte, seier leiar for forbrukardialog i Forbrukarrådet, Pia Cecilie Høst.

I brevet står det at den ulovlege nedlastinga kan vere gjort av andre med tilgang til IP-adressa, som «ektefelle, barn, leieboere etc.»

– Det var absolutt ikkje i mine tankar å betale, det er totalt usannsynleg at nokon har lasta ned noko som helst på PC-en min, seier Bjarne Sukka.

Politiet i Ulstein og Hareid har til no altså vorte kontakta av to mottakarar. Lensmannen anar ikkje noko om omfanget.

– Nei, det er berre desse to som har teke kontakt.

Brevet kan opplevast som ganske skremmande, det vert truga med tingretten og straff ...?

– Ja, absolutt. Det vert truga med at saka får meir alvorlege konsekvensar viss ein ikkje betaler desse knappe fire tusen kronene.

Kva gjer politiet med desse sakene?

– For oss er det viktig å registrere omfanget og samordne etterforskinga i politidistriktet og resten av landet. Målet må vere å prøve å finne dei som står bak, seier Hans-Eirik Pettersen.

Tilbake i stova i Rasmusmarka på Hareid har Bjarne Sukka eitt råd:

– Det er viktig at dette blir kjent, at andre får vite om at det finst slike svindelbrev. Og for all del: ikkje betal!, seier han.

I brevet er det oppgitt eit telefonnummer til Hengeler & Latham LTD. Vikebladet Vestposten får, kanskje ikkje overraskande, følgjande beskjed når vi ringer: «This number is not in use».