Befolkningsvekst og auka kjøpekraft tilseier at det vil vere eit potensial for utviding av dagens handelsareal fram mot 2030 med 50 prosent i Hareid, står det i reguleringsforslaget for Detaljregulering for Hareidsmyrane Nord 2.

Det står vidare at rundt 25 prosent av handlereisane frå Hareid går til nabokommunen Ulstein og at 10 prosent av handleturane i Ulstein genererast av Hareid.

Trafikken gjennom Hareidsdalen er stor. Ved å leggje til rette for detaljhandel langs fylkesvegen er tanken at fleire kjem til å handle i Hareid. Det blir vidare argumentert med at ein del som bur i nærleiken kan gå til butikken i staden for å køyre ned til sentrum.

Planen har tidlegare vore ute til høyring. Men etter det har kome ein del endringar på planen etter innspel, vel kommunen å leggje han ut til høyring på ny.

Kommunen slår samtidig fast at det ikkje er aktuelt å opne for kjøpesenter i dette området.