Ein mann i tjueåra, busett i Ulsteinvik, er i tingretten dømt til nitti dagar i fengsel for ei rekkje narkotikalovbrot.

Straffa er på vilkår, med ei prøvetid på to år.

Amfetamin

I november 2016 vart politiet oppringt av ein person som fortalde at han hadde vorte tilboden hasj av tiltalte.

Vedkomande let også politiet få sjå ein videosnutt av tiltalte som var i ferd med å dra to stiper amfetamin opp i nasa.

Den kvelden ransaka politiet husværet til mannen i 20-åra.

Der fann dei rundt tre gram amfetamin, det meste låg i fryseboksa i leilegheita.

Bestilte i posten

Domen frå Sunnmøre tingrett omfattar også narkotika bestilt frå utlandet.

I perioden november 2016 til mars 2017 avdekte tollvesenet sju brev eller pakkar, adressert til mannen i Ulsteinvik,  som inneheldt narkotika.

Det handla om LSD-ruter frå Nederland, blåvalium frå England, 30 tablettar Tramadol frå Kambodsja, metamfetamin frå Nederland, femten Xanax-tablettar frå Storbritannia, amfetamin frå Nederland.

I retten nekta mannen for å ha noko med desse postpakkane å gjere.

Han meinte nokon andre må ha bestilt narkotikaen i hans namn og adresse.

Retten trudde ikkje på denne forklaringa, og viser til at sendingane inneheldt "favorittdopet" hans i mengder som var tenkt for eige bruk.

Ransaka på hurtigbåtkaia

Ein måndagskveld i juli fjor fekk politiet melding om at det var ein rusa og aggressiv person på hurtigbåtkaia i Ålesund.

Då politiet ransaka mannen, fann dei 200 tablettar Rivotril og 130 tablettar som inneheldt det narkotiske virkestoffet alprazolam.

Får behandling

Aktor la ned påstand om nitti dagar fengsel på vilkår.

Grunngjevinga var at sakene har vorte noko gamle, og at mannen er i gang med behandling ved ein rusinstitusjon.

Retten støttar forslaget frå påtalemakta, og viser til at mannen har rusa seg sidan han starta med alkohol som tolvåring.

No er det laga ein plan for rehabilitering, og retten meiner at soning i fengsel vil vere øydeleggande for mannen si moglegheit til å bli rusfri.