Båt & Bacalao-sjef Line Urke har saman med mannen Hugo Antonsen og mange andre frivillige stått på for å planleggje og gjennomføre denne nye festivalen i Ulsteinvik. Urke er nøgd med festivalen.

- Ja, det var i alle fall ein god start. Det meste kan gjerast betre, men bålet i seg sjølv vart jo ein skikkeleg folkefest, seier Line Urke til Vikebladet Vestposten.

Som høgdepunktet under jonsokfestivalen vart det sett opp eit stort og fint bål på Sjøsida, som blei sett fyr på klokka åtte laurdag kveld. Sjølv om materialet nok var litt vått etter ein del regnskyll dei siste dagane, tok det lett fyr, og brann godt. Varmen frå jonsokbålet kunne ein kjenne på lang avstand. Folk hadde stilt seg opp på fortauet langs bilvegen i sentrum, og somme hadde reist til Ulsteinvik med båt.

Fleire hundre, kanskje rundt 600 frammøtte, fekk sjå det fyrste bålet i Ulsteinvik på mange år.

- Det å få folk ut av sofaen er jo eit mål når ein prøvar på slikt. Eg håper folk kosa seg, for det gjer vi, seier Line Urke nøgd.

Video/klipp: Ole-Ottar K. Høgstavoll.

Hugo Antonsen og Line Urke har jobbe utrøytteleg for å få i stand jonsokfestivalen Båt & Bacalao. Her står dei med jonsokbålet på Sjøsida i bakgrunnen. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Christoffer Korshaug og Lucas Leander Hovden syntest bålet var stilig. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Trygt på skuldrene til pappa, med god avstand til bålet. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.