Rapporten viser at fleire sektorar har betydelege utfordringar med å klare seg innanfor dei vedtekne budsjettrammene, og særs stram økonomistyring må til om ein skal klare balanse i 2018. Det skriv økonomileiar Steinar Nummedal i tertialrapporten for Ulstein kommune.

Torsdag presenterte han nøkkeltala for første tertial for kommunestyret.

Skatteinngangen var eit tema. Målt per innbyggjar er veksten på 1,37 prosent frå i fjor for januar-mai, mot 3,20 prosent på landsbasis i same perioden. Difor taper Ulstein framleis terreng mot resten av landet (Berre 3 prosent høgare enn landssnittet ved utgangen av mai).

Nokre utplukka tal

Folkevalde/Sentraladministrasjon

- Innsparing i økonomiplanen for 2016-2019 gjer at folkevalde går i underskot med 200.000 kroner i 2018. Eit beløp ein ikkje kan ta inn igjen utan å redusere bemanninga.

- Ein reknar med eit positivt avvik på pensjonskostnader på mellom 2 og 3 millionar kroner i 2018.

Oppvekst og kultur

- Barnehageområdet forventast å gå i balanse

- Totalt forventar ein eit underskot på 1,1 million kroner på oppvekst-området ved årrslutt

- Litt lågare besøkstal ved kinoen og kulturhuset enn tidlegare, men ventar likevel eit årsresultat i balanse, også for Ulstein Arena

Teknisk etat

- Negativt avvik på 3,5 millionar kroner, men 2,8 av desse skuldast negative avvik knytt til sjølvfinansierande tenester

- Totalt for teknisk etat i 2018: Forventar eit underskot på 800.000 kroner ved årsslutt

Helse og omsorg

- Forventa overforbruk på rundt 4,5 millionar kroner ved årsslutt. Ny teknologi skal vere med på å rette på dette resultatet.

- Ved utgangen av mai ligg ein 300.000 kroner betre an på lønsområdet enn på same tidspunkt i 2017

- Underskot på 1,5 millionar kroner til økonomisk sosialhjelp - grunna auka kompetansekrav og færre ledige jobbar

- Ein forventar balanse på områda helseteneste, legeteneste og barnevern

Skatt, rammetilskot og finanspostar

- Målt per innbyggjar er skatteinngangen per innbyggjar mellom januar og mai 1,37 prosent opp frå same tida i fjor, mot 3,20 prosent på landsbasis. Nen, i forhold til skatteinngang per innbyggjar på landsbasis ligg Ulstein kommune no på 103 prosent, som er minkande i forhold til kva det låg på tidlegare i år (109 ved årsskiftet)

- Eigedomsskattgrunnlaget kan sjå ut til å gje høgare avkasting enn budsjettert. Prognosen er på 14.876.934 kroner.

- Folkevekst på 21 personar hittil i år (8.576).

- 51 færre heilt ledige arbeidstakarar enn på same tidspunkt i fjor