Det var mykje smil og glede å sjå på Hadartun under sommarfesten torsdag.

To som hadde det veldig kjekt, var søstrene Herdy Mork og Nelly Rise. Sjølv om dei har rokke å bli 95 og 97 år gamle, føler dei seg framleis unge til sinns. Dei hadde også pynta seg med flotte hattar som dei tilsette hadde funne fram, i høve sommarfesten.

– Dette er veldig kjekt. Det er viktig å feire livet i ny og ne, seier Herdy og ser bort på søstera.

– Ja, heilt klart. Vi har det godt her på Hadartun, seier Nelly smilande.

Fekk storstilt besøk

Det blir ikkje skikkeleg sommarfest utan song og musikk. Songen var det førskuleborna frå Gnist Holstad som sytte for.

Borna song «Alle fuglar», Vilde og Anna sin populære song frå Melodi Grand Prix jr. – «Vestlandet», og «Stopp, ikkje mobb».

Eit eige sommarfest-brudepar hadde dei også. Julia Sawa og Elias Almli Moldskred som kom kledd i fin kjole og flott skjorte med sløyfe.

Godt nøgd kommunalsjef

Kommunalsjefen i sektor for velferd i Hareid kommune, Berit Aasen, var godt nøgd med frammøtet og den fine stunda ein fekk på Hadartun.

– Her i dag er heile sektor for velferd representert. Alle som har bidratt til denne festen, seier Aasen.

Ho fortel at det blei dekt på til over 100 personar.

– Vi sende ut ei melding om at vi måtte ha på oss sommarkjolar og fine hattar. Det var veldig kjekt å sjå at så mange kom, og at dei hadde tatt den oppfordringa på strak arm. No fekk eg skikkeleg god sommarstemning, sjølv om det har hølja ned ute dei siste dagane, sa Berit Aasen og flira.

– Handlar om å møte kvarandre

Aasen fortel at sommarfesten kom i stand på grunn av mykje godt dugnadsarbeid og engasjement frå dei tilsette.

– Her har også dei som har hatt fri involvert seg, og saman har ein stelt i stand ein skikkeleg flott sommarfest.

– Dette er først og fremst ei uformell samling, med mange frå dagsenteret, frå Hjellebakken bu- og habiliteringsteneste, fleire pårørande, og mange andre som har ei tilknyting til dei ulike avdelingane i velferdssektoren i Hareid.

Velferdssjefen meiner sommarfesten kan vere eit viktig tiltak for fleire.

– Dette er absolutt eit viktig tiltak for bebuarane, dei pårørande men også personalet. Det handlar om å skape gode arenaer der vi kan møtast uformelt og ta ein god prat med god underhaldning til. Dette skaper positivitet.

– I denne settingen får både bebuarane og dei pårørande møte oss som er leiarar, men det handlar like mykje om at vi kan oppleve noko kjekt saman, og bli kjende med kvarandre. Med ein slik sommarfest skaper vi også dialog mellom pårørande som er i same situasjonen, og det gjer noko med heilskapen i tenesta, seier Berit Aasen og legg til:

– Sektor for velferd er ein stor del av Hareid kommune, og alle innbyggjarane har eit forhold til den. I løpet av livet møter ein sektoren, på eit eller anna vis. At ein då kan ha eit godt forhold til sektoren, vite kven som jobbar der og kva som skjer, det meiner eg er veldig viktig. Så veit vi også at det å samle seg rundt eit roleg måltid skaper positivitet. Alt i alt er også dette eit godt helseførebyggande tiltak.

Søstrene Nelly Rise (t.v.) og Herdy Mork, på høvesvis 97 og 95 år, storkosa seg på sommarfesten på Hadartun. Dei hadde lånt kvar sin hatt i høve festen. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Kva er vel ein sommarfest utan eit flott brudepar? Barnehageleiar Elisabeth Warpe introduserte det flotte brudeparet, Julia Sawa og Elias Almli Moldskred. Det var førskuleborna som kom på besøk under sommarfesten. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.
Etter underhaldninga vanka det god grillmat på svoltne festdeltakarar. Her er eit knippe av det flinke kjøkkenpersonalet. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.