Sundgotmarka barnehage har betydelege utfordringar, både i forhold til talet på barnehageplassar, tilhøva for dei tilsette og borna og tilstanden på sjølve barnehagen. Likevel ville oppvekstsjef Gry Nordal og rådmann Einar Vik Arset fremje ei tilråding på at ein ny kommunal barnehage i sentrum måtte prioriterast før ein ny i Hasund krins.

I eit fellesframlegg frå formannskapet byter ein om på prioriteringane. Her går det fram at ein ønskjer å etablere ein ny kommunal barnehage i Hasund krins med oppstart i 2019, og oppstart på ein ny i Ulsteinvik krins innan 2024. Levekårsutvalet, med leiar Eldar Knotten i spissen, kom med ei korrigering i sitt fellesframlegg, der dei ønskte same prioriteringsrekkja, men oppstart på ein sentrumsbarnehage allereie i 2020, året etter Hasund.

– Dette for å ha moglegheita til å sleppe å finne opp krutet på nytt. Begge barnehagane kan jobbast med i same prosjektet, sa Knotten til kommunestyret.

– Fantastisk bra

Forslaga blei etter ein sakleg debatt i torsdagens kommunestyremøte sett opp mot kvarandre, og kommunestyret gjekk for fellesframlegget til formannskapet, med 16 mot ni stemmer.

Dermed blir det Hasund krins som skal prioriterast først, medan ein ny kommunal barnehage i Ulsteinvik sentrum kan komme innan 2024, men også før – om det er behov for det. Plasseringa av barnehagen har også vore eit tema, men dette skal no takast opp som ei eiga sak i handsaminga av arealdelen i kommuneplanen i haust.

Vedtaket førte til store smil blant dei frammøtte foreldra, men også blant fleire av politikarane i salen. Blant dei, Senterparti-politikar Lisa Mari Breivik Anderson, som fortel at ho har barnehagar som ei av sine hjartesaker.

– Dette er fantastisk bra. Eg har fått mange tilbakemeldingar på at dette var eit godt og fornuftig vedtak. Det kjennest samstundes meiningslaust og provoserande at administrasjonen i det heile tatt føreslo å prioritere sentrum før Hasund. Her hadde rådmannen og oppvekstsjefen sjansen til å vise at dei også prioriterer krinsane, men den sjansen tok dei ikkje. No er eg glad for at saka er avgjort, og at fornufta sigra denne gongen, seier Breivik Anderson, som også reagerte sterk på at saka berre var ute på høyring i to veker.

– Det er veldig kjekt å sjå at det kom inn så mange innspel sjølv om det var veldig kort tid å gjere det på.

Sp-politikaren meiner dette er berre éi av fleire saker som viser at kommunikasjonen mellom administrasjonen og politikarane ikkje er god nok for tida.

– Vi er fleire som føler det som at administrasjonen køyrer sitt eige løp utan å involvere oss. Vi må få tilbake det gode samarbeidsklimaet, og det så raskt som råd, seier ho.

– Godt å komme under eitt tak

Styrar i Sundgotmarka barnehage, Nora Wingsternes, var også til stades i kommunestyresalen torsdag. Ho gler seg over vedtaket som blei gjort.

– Vi er sjølvsagt veldig nøgd med at det blei slik. Dette har vi venta ei avklaring på. Barnehagen blei bygd i 1993, og vi ser no at den er godt slite. Så har vi nytta nokre brakker som kontor sidan 2013, for å kunne utvide talet på barnehageplassar. Desse kan vi ikkje nytte lenger, grunna for dårleg inneklima. Vi har eiga avdeling oppe på klubbhuset til Hasundgot, for dei eldste borna. Det er klart at det blir betre for oss å komme oss under eitt og same tak. Vi gler oss til fortsetjinga, seier Nora Wingsternes.

Lisa Mari Breivik Anderson (Sp) var godt nøgd med vedtaket. Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll.