Grillsesongen starta tidleg i år med det fantastiske fine været som har vore denne forsommaren. Det går tradisjonelt mykje kjøtmat på grillen og medan vaksne varierer menyen med ulike typar kjøt og av og til fisk, men barna vert ofte tilgodesett med grillpølser. Det kan kanskje bli vel mykje pølser på små kroppar i grillsesongen?

Eg har i mange år jobba med Fiskesprell, det er eit kosthaldsprogram som skal få barn og unge til å ete meir sjømat i barnehage og skule. Fiskesprell går ut på å endre haldningar til vaksne om barn og sjømat, og å lære vekk nokre enkle oppskrifter som dei får smake. Lykkast ein med dei vaksne er det stor sjanse for at dei deretter prøver dei ut rettane på barn. Resultatet er like kjekt kvar gong for både vaksne og barn smakar og likar mange ulike fiskerettar og ein sikker vinnar er Havets Skattekiste.

Når ei lagar Havets skattekiste er det smart at barna får plukke og velge grønsaker og passe mengde fisk til sin eigen pakke i tillegg passe den sjølv på grillen. Å vere med å lage maten og å ha kontroll på ingrediensane er positivt for den når ein skal prøve noko nytt og innhaldet i grillpakken er fullt av sunne næringsstoff som er rake motsatsen til den ein finn i grillpølser. Veslesøster Ida til Emil i Lønneberget syng slik: «Då blir barna fulla med sommar, och bena blir fulla med spring!», små kroppar skal ha den sunnaste og beste maten!

Ingrediensar til 4 porsjonar

300 g laksefilet utan skinn og bein

300 g seifilet utan skinn og bein

1 stk lauk/purrelauk/vårlauk

2 stk gulrot

½ brokkoli- eller blomkålbukett

4 ss soyasaus

4 ark grillfolie

2 ss olje

FRAMGANGSMÅTE

Skjer fisken i ca. 2 cm store terningar. Vask og reinsk lauk, gulrot og brokkoli/blomkål. Pensle grillfolien med olje og brett opp kantane til ei skål. Legg eit utval av grønsaker på folien og slå soyasaus over. Legg fisketerningane over grønsakene. Brett saman folien (med bretten opp så unngår du lekkasje) og legg pakkane på varm grill. La pakkane ligge på grillen i ca. 10 minutt. Opne pakkane og sjekk at fisken er klar ved at fiskekjøtet har skifta fagre tvers gjennom og at fiskekjøtet flakar seg ved lett trykk. Server skattkistene med det tilbehøret du likar, for eksempel bakte poteter og rømme på toppen.

Tips: Du kan også lage Havets skattkiste i steikeomnen. Då brukar du vanleg aluminiumsfolie i staden for grillfolie. Steik pakkane i steikeomn ved 180 °C til fisken er ferdig. Det tak ca. 12 minutt.

Matspalta står på trykk kvar laurdag. Kari Ryslett og Mari-Lene Korsnes er spaltistar. Spalta er eit samarbeid mellom Vikebladet Vestposten og Møre-Nytt. OM SPALTISEN: Kari Ryslett arbeider med Matkultur- og helse ved Høgskulen i Volda. Ho har brei erfaring gjennom yrke- og arbeidsliv med mat, helse og opplæring frå ulike perspektiv. I Vikebladet Vestposten vil ho dele sine beste sjømatoppskrifter med lesarane og ho håper dette kan vere til inspirasjon til å velje å ete meir fisk og sjømat både til kvardags og i helga. Foto: Privat