Startar i ny jobb:

– Passar meg perfekt

Ho er mest kjend som «danselæraren på SUFH». Frå hausten startar Hilde Maria Nicolaisen i ny jobb, som lærar på den nyoppretta linja for «Friluftsliv.Sunnmørsalpane.Bali» på Møre Folkehøgskule i Ørsta.

Glad i friluftsliv: Hilde Maria Nicolaisen sluttar om lærar på Sunnmøre folkehøgskule for å bli lærar på linja for Friluftsliv, Sunnmørsalpane & Bali på Møre folkehøgskule i Ørsta. Bildet er teke i Bugardsmyrane i Ulsteinvik.– Eg har alltid vore glad i å vere ute, så det passar perfekt når eg kan kombinere jobb og hobby, seier ho.  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

– Dette er ein jobb som passar meg perfekt. Ikkje fordi eg vil vekk frå folkehøgskulen her i Ulsteinvik, men fordi eg er veldig, veldig glad i friluftsliv, seier Nicolaisen.

47-åringen kom til Ulsteinvik med mann og to born for femten år sidan og har i alle desse åra jobba på Sunnmøre Folkehøgskule, Sufh.