FAU ved Ulstein skule har sett igang ein prosess for å betre trafikksituasjonen ved skulen. Grunnen er at mange køyrer borna sine til skulen. Foreldra ar blitt oppmoda om å setje av borna sine på busslomma nedanfor skulen, like vel er det mange som køyrer borna "til døra" eller til innkøyrsla.

FAU ved Ulstein skule har vendt seg til Ulstein skule for å få på plass eit trafikkskilt der det står "Stopp forbode" i tidsrommet kvart på åtte til kvart over åtte om morgonen. Dei har vore i kontakt med lensmannen, som skal ha vore positiv til tiltaket.

Saka skal opp i teknisk utval i Ulstein førstkomande torsdag, 5. juli. Der foreslår administrasjonen at ein heller lagar nokre utbetringar i rundkøyringa, så foreldra greitt kan setje av borna sine. I dag er rundkøyring for trong til å køyre forbi om bussen står der. Kommunen vil heller utvide rundkøyringa og gruse opp ei rås direkte frå rundkøyringa til skulen.

Tiltaket er ikkje særleg omfattande og kan gjerast innanfor kommunen sitt vedlikehaldsbudsjett, står det i sakspapira. Kommuneadministrasjonen ønskjer også å få gjort dette til skulestart.