I løpet av juni er det registrert i overkant av 80 tinglyste eigedomar i Ulstein, Hareid, Herøy og Sande. For første gong i år er det i Ulstein kommune det har vore størst aktivitet den siste månaden.

Totalt var det 30 eigedomar som skifta eigar i Ulstein, medan talet for Herøy var 27. I Ulstein var det like mange tinglysingar i juni som i mai, medan Herøy gjekk svakt tilbake.

Også i Hareid var det litt færre eigedomar som skifta eigar i juni, med 15 mot 17 i mai.

Sande hadde framgang den siste månaden, frå ni i mai til 12 i juni.

I kartet i toppen av saka kan du sjå alle eigedomane som skifta eigar i løpet av juni i dei fire kommunane.

Forklaring til kartet: Kvar sirkel viser kor mange eigedomar som er selt i eit område. Klikk på sirkelen for ei meir detaljert visning. Du kan også klikke deg inn på kvar einskild eigedom for å få historikk. Du kan velje å nytte ei kartvisning eller du kan sjå flyfoto over området ved å trykke på firkanten på høgresida i toppen av biletet.