Ulstein Verft skal bygge kabelskip

Nyhende

Ulstein Verft skal bygge eit stort, DP3-kabelleggingsskip for franske Nexans Subsea Operations.

I ei pressemelding har konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group følgjande kommentar til kontrakten:

- Vi set stor pris på at Nexans, ein solid og viktig maritim aktør, vel Ulstein til å bygge sitt nye flaggskip. - Vi har ein svært kompetent organisasjon med lang erfaring i å levere avanserte skip til våre kundar. Denne kontrakten er vunnen i ein tøff internasjonal konkurranse. Vi ser fram til eit konstruktivt og fruktbart samarbeid med Nexans i åra som kjem.

Det foregår akkurat no ein pressekonferanse på Ulstein Verft.



I pressemeldinga står det følgjande om skipet: Fartøyet vil bli utstyrt for å legge straumkablar og fiberoptiske kablar, kabelskøyting og -reparasjonar og nedgraving av kablar. Skipet av typen ST-297 CLV, er designa av Skipsteknisk, Ålesund. Fartøyet er utvikla for operasjonar i tøffe vêrforhold, med høg manøvrerings- og posisjoneringsevne. Ulstein Verft skal bygge fartøyet og førebu for montering av kabelleggingsutstyret.

Det avanserte kabelleggingsskipet har ei svingskive med stor kabelkapasitet på heile 10 000 tonn, og i tillegg ein fiberoptisk kapasitet på 450 tonn. Fartøyet er 31 m breitt og 149,9 m langt. Det har dødvekt på 17 000 tonn, og kan innkvartere 90 personar.

- Vi har lang erfaring i å bygge store og krevjande fartøy, og ser fram til å starte på arbeidet med kabelleggingsskipet til Nexans, seier Kristian Sætre, administrerande direktør i Ulstein Verft.

Nexans har kjerneverksemd innan avanserte kablings- og tilkoblingsløysingar. Med ei 120-årig historie har selskapet meir enn 26 000 tilsette.