18 meter høg mast på Flø:

– Dette er ikkje spesielt smart å gå inn for

Etter innspel frå ordføraren vedtok tenisk utval å be om at masta blir plassert anten lenger mot fylkesvegen eller sør for vegen til moloen. Dei har ikkje lyst til å øydeleggje for turisme.  

Nyhende

Telenor Norge AS vil føre opp ei ny telekommunikasjonsmast på rundt 18 meter ved eksisterande telekommunikasjonshus på Flø.

Kommunalsjef teknisk har stilt seg positiv til tiltaket, og rådde teknisk utval til å godkjenne dette, mot at anleggsarbeidet i vesentleg grad går føre seg utanfør den mest aktive hekketida til sjøfugl.