Gir ut avis om Trebaatfestivalen

Vikebladet Vestposten har inngått avtale med arrangørane av Trebaatfestivalen om å gje ut ei eiga festivalavis.

Trebåtar: Trebaatfestivalen er eit godt innarbeidd og mykje besøkt arrangement i Ulsteinvik. 

Nyhende

Årets festival vert arrangert 23.-26. august, og festivalavisa kjem ut tysdag 21. august.

– Vi er glade for å ha med Vikebladet Vestposten på laget. Det er ein viktig samarbeidspartnar for oss. Og vi har framleis plass til fleire sponsorar, som kan bli med på det største arrangementet i Ulstein i løpet av året, seier festivalsjef Line Urke.

Samarbeidsavtalen inneber også at Vikebladet Vestposten skal vise kampen Vålerenga-Hødd på storskjerm i festivalteltet på Kulturallmenningen laurdag 25. august.