Havyard skal byggje brønnbåt til Norsk Fisketransport

Båten skal vere ferdig til levering i juni 2020.

Nytt skip: Havyard skal byggje enda eit eksemplar med design 587. Det kjem til å vere deira bygg nr. 147. 

Nyhende

Dette blir systerskip nummer fire til allereie eksisterande «Havtrans», «Namsos», og «Steigen» hos Norsk Fisketransport (NFT).

– Vi er svært nøgde med «Steigen» som i juni i fjor blei feira med ein folkefest av ein båtdåp i Steigen som er i Nordland, fortel Oddleif Wigdahl, administrerande direktør i NFT.

Den nye brønnbåten NFT har bestilt blir Havyards bygg nr. 147, og vil vere identisk med bygg nr. 127, «Steigen».

– Vi endrar ikkje på vinnaroppskrifta! Det var enkelt å velje Havyard igjen: Godt samarbeid, høg kvalitet og eit sluttprodukt som er akkurat slik vi ynskjer det, seier Wigdahl.

NFT har frist til sommaren 2019 med å nytte opsjonen på ytterlegare eitt fartøy av Havyard Design 587.

Komplett Havyard-leveranse

Alle fem forretningsområda i Havyard Group er med i leveransen. Fish Handling skal levere alt av fiskehandteringssystem om bord. Power & Control skal levere alt frå bru til propell. Ship design & Solutions står for designen og Shipbuilding Technology skal utruste skipet saman med Production & Services. 

Administrerande direktør i Havyard Group ASA Geir Johan Bakke, meiner at samhandling på tvers av forretningsområda i konsernet gir ein kompleks leveranse som ingen andre leverandørar har;

– Brønnbåtbyggjing er komplisert, og vi hadde ein del tekniske utfordringar da vi bygde Namsos for NFT, men som igjen resulterte i eit svært godt levert Steigen. At NFT ynskjer ein 100 % lik brønnbåt som søsterskipet Steigen seier veldig mykje om kor bra resultatet vart. I desse nye brønnbåtane er det mykje utvikling av teknologi, og tilpassingar for at skipet skal vere so funksjonelt som overhovud mogeleg og ha den aller beste fiskevelferda. Vår kombinasjon av fagfolk, og samarbeidet på tvers av forretningsområda gjer at vi kan levere akkurat dette. Eg ser fram til å vidareutvikle det gode samarbeidet med NFT i nye prosjekt, seier Geir Johan.