El-syklar til Hareid sjukeheim

Klar for sykkeltur

Gleda er stor no som dei to sykkeldrosjane er på plass på Hareid sjukeheim. Dei første pensjonistane har alt vore på tur, og fleire turar vil det bli.
Nyhende

I mai i år skreiv Vikebladet Vestposten at Karen Bigset (100) og Gerd Andersen (92) gledde seg på å få vere med på sykkeltur. I dag, torsdag, fekk dei vere med på tur. Dei vart utstyrte med hjelmar på hovudet, setebelte rundt livet og raudt teppe over beina. Også syklane var raude og fine. – Det vart så kongeleg, synest Andersen om alt det raude.

Einingsleiar Monika Småge Skeide sette seg til pedalane og sykla dei to damene på tur. På den andre sykkelen sat Kaspar Overå og Anne Sølvi Rise, med Pornwilai som syklist.