Normal drift på Hareid - Sulesund

Torsdag morgon var MF "Ullensvang" på plass i sambandet Hareid - Sulesund igjen og det skal no vere normal drift i sambandet, melder Norled. 

Nyhende

Frå rutestart torsdag morgon var det igjen normal drift på Hareid - Sulesund. Dette fordi MF "Ullensvang" er tilbake i B-ruta. Dei siste dagane er det MF "Ølen" som har vore inne i ruta, og det har difor vore redusert kapasitet i sambandet nokre dagar.

MF "Ullensvang" har fått skifta ei servopumpe dei siste dagane, men også i førre veke var det utfordringar med ferja, som nyleg var inne til eit lengre verkstadopphald.