Søkjer prosjektleiar

Styringsgruppa for Vekst i Hareid har hatt to møte og er godt i gang med arbeidet, fortel ordførar Anders Riise.

Vekst i Hareid: Denne gjengen har hatt to møte i lag. Frå venstre: Øyvind Tveten, Odd Reidar Kvalsund, Karl Johan Bakken, Anders Riise, Kjetil Nesset, Eileen Hareide Brandal, Ragnhild Velsvik Berge, Bjørn Kaldhol og Idar Flø. Foto: Innsendt  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Styret er ei fin blanding av representantar frå kommunen og næringslivet. Dei som er med i tillegg til ordføraren er Kjetil Nesset (leiar i Næring- og miljøutvalet), Karl Johan Bakken, Eileen Hareide Brandal og Bjørn Kaldhol.

Observatørar er: Ragnhild Velsvik Berge (rådmann), Idar Flø (leiar i Hareid Næringsforum), Øyvind Tveten (Møre og Romsdal Fylkeskommune) og Odd Reidar Kvalsund (Innovasjon Norge).