Statens vegvesen har sendt ut eit forslag til forbud mot fotgjengarar og syklistar i fem tunnelar i Møre og Romsdal.

Ein av dei er den 109 meter lange Hareidsporten på fv. 61 i Hareid sentrum. Dette er den klart kortaste av tunnelane Statens vegvesen ønskjer seg gå- og sykkelforbod i.

Dette skriv Statens vegvesen i si vurdering:

"Fv. 61 Hareidsporten

109 meter lang tunnel der det køyrer 6910 køyretøy i døgnet. Flettestrekninga for ferjekøen kan vere med å ta bort merksemda frå syklistar i tunnelen. Bilistanes fokus på å rekke ferja gir høy fart. Det er dårleg belysning i tunnelen. Det er også gode moglegheiter for sykling utanfor tunnelen, som bør skiltast med sykkelvegvisning."

Det er desse fem tunnelane Statens vegvesen ønskjer seg forbud i:

  • Fv. 62 Øksendalstunnelen i Sunndal kommune

  • E136 Innfjordstunnelen i Rauma kommune

  • E39 Blindheimstunnelen i Ålesund kommune

  • E39 Moatunnelen i Ålesund kommune

  • Fv. 61 Hareidsporten i Hareid kommune

– Vi er i gang med ein gjennomgang av sikkerheita for mjuke trafikantar i alle tunnelane våre. I disse fem tunnelane er det openbert ikkje forsvarleg for de som syklar og går. Derfor er vår faglege anbefaling at det innførast forbod nå, sjølv om det ikkje er alternativ rute for alle tunnelane. Sikkerheita er viktigast, seier seksjonsleiar Lisbeth Smørholm i Statens vegvesen.

Forslaget er no sendt på høyring til politiet, kommunane og til Møre og Romsdal fylkeskommune.