Ulsteinordførar Knut Erik Engh (Framstegspartetiet) er glad og letta over at Kongsberg Gruppen AS no kjøper Rolls-Royce Commercial Marine.

– Det er heilt fantastisk! Dette var den løysinga me håpte på, seier han og fortel at det er dette dei har jobba for og spelt inn mot regjeringa. Han er glad for at staten har vald å bidra med ei løysing her.

Sjølv om han er ordførar for eine partiet som sit i regjering, fekk han ikkje vite noko før oss andre. Han reknar med at grunnen er at selskapa er på børs.

Engh trur har Kongsberg er den beste kjøparen. – Dette vil bety mykje for regionen, det er eg heilt sikker på, seier ein strålande nøgd ordførar.