LO-Sommarpatrulje på Søre Sunnmøre i dag:

-Ein leiar blånekta å gi oss intervju med den nyaste tilsette

LO sjekkar temperaturen på arbeidsplassane til unge arbeidstakarar i heile Noreg.

  Foto: Emily Louisa Millan Eide

Nyhende

I dag, fredag,  er LOs sommarpatrulje innom Ulstein, Hareid og Herøy. Dagleg er dei innom 60 til 100 bedrifter.

-Vår oppgåve er å informere ungom om LO, og deira rettiar når dei er ute i sommarjobb. Mange unge lærer ikkje noko om kva plikter og rettigheiter dei har når dei går på skule, so da får dei informasjonen dei treng frå oss, og ei handbok. I handboka står alt det grunnleggjande ein treng å vite formulert på ein forståeleg måte. Det kan vere litt vanskeleg å skulle leite fram denne informasjonen i lovverket, so vi gjer det litt meir lett og oversiktleg. Vi ynskjer at ungdom skal vere trygge når dei er på arbeid. Logoen vår er ein bulldogg med ei rose i munnen. Vi er ei snill vaktbikkje som passar på ungdomen, fortel Kent Logan Hjelle.