Partane er samde om at verdien på Rolls-Royce Marine er 500 millionar britiske pund, men den endelege kjøpesummen vil vere avhengig av kor mykje kontantar, gjeld og arbeidskapital Rolls-Royce Marine har når kjøpet skal gjennomførast, heiter det i ei pressemelding frå Kongsberg Gruppen.

I ei pressemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet går det fram at regjeringa er positiv til å vere med på å finansiere oppkjøpet, og vil bidra med 2,5 milliardar kroner.

- Dette er ei viktig sak for Kongsberg Gruppen, Rolls-Royce Commercial Marine og den norske maritime næringa. Begge selskapa er i dag verdsleiande på sine område, dei har mange tilsette i Noreg samtidig som har dei har brei internasjonal verksemd, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaken.