Det var ingen i teknisk utval i Ulstein som hadde innvendingar til desse planane. Sidan administrasjonen la opp til ei anna løysing enn det FAU hadde skissert (stoppforbod i Bøen), lurte Odd Arne Vikebakk (Kristeleg Folkeparti) på om foreldra var kontakta og spurt om dei synest det er ei god løysing kommunen legg opp til?

Nei, FAU er ikkje kontakta. Men dei har fått forklart av dei som jobbar ved skulen at det er problem for bilar å kome seg forbi bussen, svara kommunalsjef Arne Runar Vik. No vil kommunen prøve dette og sjå korleis det går. Han viste til at det er ein mindre dramatisk situasjon på Ulstein enn ved barneskulen i Ulsteinvik. At kommunen denne gongen går imot skilting vil ikkje seie at dei også gjer det i framtida. Men no vil dei prøve dette.

Etter vedtaket var fatta stilte Magne Gurskevik (Arbeidarpartiet) spørsmål ved om levekårsutvalet eigenleg burde fått denne saka på bordet. Og kanskje også fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne?

Kommunalsjef Arne Runar Vik sa at ein kunne lagt opp til ei omfattande høyring, slik dei gjorde då det vart sett opp skilt ved Ulsteinvik barneskule og Ulstein ungdomsskule då det vart innført gjennomkøyring forbode om morgonen.

Hannelore Måseide (Venstre) meinte at alle saker som har med skule og tryggleik å gjere skal innom levekårsutvalet. Vikebakk var ikkje sikker på om dei trong å få ei politisk vurdering i levekårsutvalet, kanskje det heldt med ei orientering.

Gurskevik sa så at dette var ei sak for teknisk utval. Men erfaringa hans var at det kunne oppstå ein situasjon der dette vart eit tema.

Men Hanne Notøy (Arbeidarpartiet) meinte det bør vere førsteprioritet å få dette ferdig til skulestart. Det er teknisk utval som har ansvaret. FAU ved skulen vende seg til kommunen i mai. Notøy meinte at det er viktigare at tryggleiken for borna er på plass til skulestart, enn at saka skal innom levekårsutvalet.

Ordførar Knut Erik Engh (Framstegspartiet) var glad for at spørsmålet kom opp, men her er det snakk om ei lita utbetring, og det viktigaste er at ho er klar til skulestart.

Jau, Gurskevik og Måseide var samde i det. I dette tilfellet var det noko som hasta.