Ordførarane i Hareid og Ulstein, Anders Riise og Knut Erik Engh, har denne veka underteikna ein avtale om gjensidig reservevassforsyning.

kommunane sine nettsider skriv dei at formålet med avtalen er å sikre god reservevassforyning for begge kommunane og regulere ansvar, plikter og rettar.

"Situasjonar med større vedlikehald og akutte, ikkje planlagde hendingar som driftsstans og forureining som igjen krev at ein av kommunane treng meir vatn, eller vatn frå anna drikkevasskilde, skal no kunne handterast på ein god og sikker måte.

Samla gir dette ei tryggheit for innbyggjarane og avtalen gjer at vi vil få godkjent drikkevassforsyninga hjå Mattilsynet i begge kommunane", skriv kommunane på sine nettsider.