Det er vanskeleg å fastsetje kor lang fartstid søstrene har ved hotellet, for dei er fødde inn i dette livet. Hotellet vart starta i 1916 av besteforeldra deira, Sina og Julius Ulstein. Så tok foreldra deira Ruth og Hallbjørn Ulstein over, før Solveig og Brynhild, med ektefellane Steinar Kulen og Svein Vattøy, tok over drifta på 80-talet.

– Me har skrelt vår del av poteter, slår Solveig fast. Ho visste tidleg av det var dette ho ville. Då ho var lita skreiv ho i ei bok at ho ville bli hotelldame når ho vart stor, og slik vart det.

Brynhild derimot ville ikkje inn i hotellbransjen då ho var lita, men etter kvart som ho vart større måtte ho hjelpe til. Og då det var bestemt at hotellet skulle flyttast ut av sentrum og opp på Varleite vart det så spennande å vere med på utviklinga, at ho etter utdanninga innan marknadsføring og kommunikasjon ved Norges Markedshøyskole kom tilbake til Ulsteinvik. Solveig utdanna seg innan serveringsfaget og seinare hotell-/restaurantleiing ved Norsk Hotellhøyskole og som var trainee ved hotell i Oslo.

Dei syntest det var spennande å få vere med å drifte det nye hotellet. Hit kom store og viktige kundar for bedriftene i området vårt. Dei sette krav til hotellet, og hotellet leverte.

– Me har det i oss å yte sørvis, det er ein livsstil, fortel Brynhild og legg til at det kan vere vanskeleg å kople ut.

Solveig pensjonerte seg den 29. juni, og er spent på korleis det blir å kople ut. Førebels har det vore som å gå ut i sommarferie. Men ho er spent på korleis det blir uti august.

Sjølv om foreldre deira er 90 og 93 år viser dei framleis stor interesse for hotellet. Dei spør og grev om korleis belegget er og kva slags gjester som kjem.

– Korleis har det vore å jobbe med søstera si?

– Berre ei glede. Me har hatt våre diskusjonar, men har for det meste vore einige, seier Solveig.

– Det har vore ei veldig tryggheit i å ha Solveig her. Me har hatt forskjellige roller. Her har vore mange direktørar opp gjennom åra, og me har vore støttespelarar for dei. Solveig har vore ein fin diskusjonspartnar for meg, svarer Brynhild.

– Det har ikkje freista å vere direktør sjølv?

– Nei, me trivst ikkje så godt i rampelyset, svarer søstrene som likar betre å vere ein støttespelar.

Medan dei blir intervjua kjem ein stamkunde innom og slår av ein prat. Hotellet har ein del stamkundar. Nokre kan bli buande fleire månader i strekk.

På same vis som det var spennande å flytte opp på Varleite i 1982, var det også spennande å flytte ned igjen til sentrum og opne nytt hotell i 2007, med kulturhus. Hotellet har eit godt samarbeid med kulturkontoret. Dei trivst også godt i Choice-kjeda og likar miljøprofilen deira.

Og nye kapittel ventar. Sonen til Brynhild, Peter, arbeider på hotellet som controller og har ansvar på kurs- og konferansar.

Flott plassering: Utsikta frå Gudmorsuita er nydeleg. Hotellet var tidleg ute med å tilby aktivitetar for gjestene sine, og no som dei er nede i sentrum igjen tilbyr dei mellom anna turar med rib-båt, her er kort veg til Sentrumsparken og gjestene kan nytte seg av mange fine turstiar i området. Foto: Ingvild Aursøy Måseide