Regjeringa styrkjer beredskapen mot skogbrann

Sommarvarmen og mangelen på nedbør gjer at skogbrannfaren aukar fleire stadar i landet. No styrkjer regjeringa skogbrannhelikopterberedskapen.

Sommarvarmen og mangelen på nedbør gjer at skogbrannfaren aukar fleire stadar i landet. No styrkjer regjeringa skogbrannhelikopterberedskapen. Arkivfoto: Joar Ødegård 

Nyhende

Tolv helikopter er i beredskap i juli for raskt å kunne hjelpe lokale brannvesen ved behov.

– Skogbrannfaren er no så høg i betydelege delar av landet at beredskapen med skogbrannhelikopter må aukast ytterlegare for å kunne handtere og sløkke stadig nye skogbrannar, seier statssekretær Thor Kleppen Sættem (H) i Justis- og beredskapsdepartementet.

Staten dekkjer kostnadane til helikoptera slik at dei lokale brann- og redningsvesena får eit nødvendig hjelpemiddel til sløkking av skogbrannar, legg statssekretæren til.

Hittil i år har det vore 296 skogbrannar, nesten like mange som i heile fjor. Statens skogbrannhelikopter er i beredskap i perioden 15. april til 15. august.