«Statskogmillionen» skal få fleire ut i naturen

Statskog delar ut friluftspengar til 100 aktivitetar som fremje folkehelse og bruk av norsk natur.

Statskog delar ut friluftspengar til 100 aktivitetar som fremje folkehelse og bruk av norsk natur.  Foto: Andreas Bjerknes

Nyhende

Tildelinga er fordelt til friluftsaktivitetar i heile Noreg og skal mellom anna gå til klatrefelt, jegerrekruttering, klopplegging, gapahukar, informasjonstavler, sykkelsti, turutstyr for utleige og organisering av turar.

Pengane frå støtteordninga «Statskogmillionen» går til organisasjonar som har søkt om støtte til konkrete planar for auka friluftsliv, betre folkehelse og meir bruk av norsk natur. Organisasjonar kan søke om støtte to gonger i året, og får eit bidrag på fem tusen eller ti tusen kroner.

Over 100 friluftslivsaktivitetar får støtte frå Statskog i første tildelingsrunde.