Kongeskipet overnatta ved Flatøya

Natt til måndag låg kongeskipet ankra opp ved Flatøya like sørvest for Dimnøya.  

Nyhende

Måndag morgon var det fleire som merka seg det staselege MS "Norge", eller Kongeskipet, som låg like ved Flatøya på sørvestsida av Dimnøya.

Dit kom skipet søndag kveld, etter å ha vore ved Selja søndag ettermiddag. Der var Dronning Sonja søndag for å markerer 950 årsdagen til Bjørgvin bispedømme. Dronning Sonja opna også den nasjonale kystpilegrimsmarkeringa.

Like før 10:30 tok Kongeskipet laust frå Flatøya og sette kursen mot Herøy. Om lag 20 minutt seinare har Kongeskipet stoppa utanfor Nerlandsøya.

Ifølgje Vestlandsnytt fortel assisterande kommunikasjonssjef ved slottet, Sven Gjeruldsen, at skipet er på privat tokt.