Markus Saunes frå Ulsteinvik flytta til Oslo i 2014. I dag bur han på St. Hanshaugen i Oslo og studerer drama- og teaterkommunikasjon. – Eg flytta til Oslo delvis fordi det er der det bur flest homofile. Eg ynskte å finne kjærleiken. Det er også der eg kan oppnå draumen min, om å kome inn på teaterhøgskulen og leve som skodespelar.

– Når skjønte du at du var homofil?

–Det var vel på ungdomsskulen i 8. klasse. Det var ein eldre gut som hadde lagt merke til meg, og tok kontakt. Eg brukte å snike meg ut vindauget på rommet mitt, så henta han meg på lettsykkelen sin. Det var fyste gong eg følte at det kribla i heile meg. Eg hugsar at eg fortalde det til venninnene mine, dei trudde fyst ikkje på meg, fordi ingen tenkte at den eldre guten var homofil. Det vart ein stor rykteflaum på skulen, og han kutta all kontakt med meg. Det var slik folk fekk vite at eg var skeiv. Folk kom med skjellsord i gangane på skulen, men då eg sjølv bekrefta at eg var homofil, roa det seg, da var det plutseleg greitt for alle. Dette var før eg hadde kome ut til familien min.

Markus opplevde det som vanskeleg å skulle kome ut av skapet for familien sin, men tok imot nesten berre støtte då han gjorde det. – Sjølv om eg var klar over at mamma eigentleg visste det, torde eg ikkje å seie det høgt. Det var fyst i 2016 eg sa til ho at «eg er homo». Da møtte omtrent heile slekta mi, min dåverande kjæraste. Det var veldig fint. Eg hugsar at eg byrja å skjelve. Sjølv om ikkje alle har vore der for meg, har eg heldigvis hatt viktig støtte i mor mi, og dei andre i familien. Stefaren min, og onkelen min har vore mine farsfigurar dei siste åra.

Monologframsyning

Ved sida av studiane har han fleire prosjekt der han tek opp forskjellig problematikk rundt det å vere homofil i dagens samfunn. – Eg arbeider med ei monologframsyning som tek opp det å vere homofil. Det høgre auget er feminint og det venstre auget er maskulint. For å bli godtatt i det homofile miljøet, opplever eg at eg må vere meir feminin enn det eg eigentleg er. Men i det maskuline miljøet passar eg heller ikkje inn, for så maskulin er eg ikkje, seier han.

Monologframsyning: Markus Saunes arbeidar for tida med å setje opp ei monologframsyning der han hentar fram minner frå tida då han fyst kom ut av skapet som inspirasjon. Foto: Aidan Pirschl Winther

Noko anna han ynskjer å ta opp er trakassering av homofile.

–Eg har blitt kalla ting, spesielt på ungdomsskulen. Men det har aldri vore fysisk eller brutal mobbing. Dette tek eg opp ved å kle av meg og eksponere kroppen min som er dekt i skjellsord. Ein blir ofte sett på som fabulous, diva og slut om ein er super-homo i det feminine miljøet. Eg spelar mykje på det å vere «super-homo» i prosjekta mine, men eg tek opp problematikk som er veldig viktig, påpeikar han. Han arbeider med å søke støtte til monologframsyninga, og har kontaktar på forskjellige teater som kanskje er interesserte i å sette den opp. – Dette kjem nok ikkje til å skje før etter jul, trur han.

Sex og singelliv

Til hausten skal han gi ut ein podkast saman med ei «straight» veninne. Dei skal snakke om gutar, og forholdet til dei. Dei ynskjer å ta opp tema rundt dating, one night stands og kjærleik. Markus likar ikkje måten ting har utvikla seg i det homofile miljøet, noko han kjem til å ta opp i podkasten. – Når du er ny i byen viser mange interesse; «Oj, der var det ein ny ein!» Det er veldig fokus på sex, klede, utsjånad og status, dei verdiane likar eg ikkje. Vi homofile har ein dating-app som heite Grindr, det vert eigentleg brukt som ein sex-app. Der kjem det opp bilete av homofile mannfolk som er i nærleiken. Der er det ikkje uvanleg at fyste meldinga er ; «pule?». Eg har fått inntrykk av at folk ligg mykje rundt, og det provoserer meg. Det er det eg meiner med kjøttmarknad, alle gjer kva faen dei vil, homofile mannfolk har ikkje reglar eller verdiar lengre.

Han meiner at det er utfordringar med å flytte frå bygda til ein storby.

–Miljøa er so forskjellige. I starten sleit eg med å finne min plass, eg følte eg måtte vere nokon eg ikkje er. Liksom forsterke den feminine sida og vere super-fabulous for å oppnå ting. Det er ikkje berre lett å reise til hovudstaden for å vere fri! Eg tykkjer ikkje at det homofile miljøet er sunt der nede.

Fagottkor

Markus syng i Oslo Fagottkor, som er eit kor for homofile mannfolk i Oslo. – Der er det fjør, glitter og høghæla sko som tel, fortel Markus med eit glis. Under Pride hadde dei ein egen flåte der heile koret stod iført rosa matrosdrakter og song. – Da er vi super-gay! Det elskar folk, fortel han med eit skøyaraktig glimt i auget.

Etter pride-paraden var det mange som kom med positive tilbakemeldingar. – Folk seier at dei vert inspirerte. At dei set pris på det eg gjer. Dei ser på meg som sterk. Då fortel eg at det har vore ein lang veg dit. Det har ikkje alltid vore roseraudt og tjo -og hei. Eg får sjølvtillit av å bli sett pris på, og sett opp til på den måten. Men ein veit aldri kva som kan skje under pride-paraden, folk omringar oss, difor har vi i koret vakter som beskyttar flåten vår.

Forelska seg, i Ulsteinvik

Til Markus sin store forbausing er det mogeleg å finne kjærleik også i Ulsteinvik; – Eg vart paff sist eg var heime. Då møtte eg ein gut som hadde flytta til Ulsteinvik for å jobbe. Vi byrja å date, og var konstant saman. Det var spanande. Han var mest interessert i å ha nokon å vere med her. Eg hadde jo mitt eige liv i Oslo som eg skulle tilbake til. Eg trudde det var ekte, men det viste det seg å ikkje vere, so vi enda opp med å avbryte forholdet. Det gjekk til helvete. I forhold mellom to gutar er det ofte vanskeleg å «falle til ro». Det er so mange freistingar.

– Er det vanskeleg å finne seg ein kjærast?

– Ja, det tykkjer eg, seier han.

Men han har ikkje trua på at han kjem til å møte den store kjærleiken i heimbygda. – Eg er veldig glad i Ulsteinvik og kjem ofte tilbake hit. Når det står på som fullt i Oslo er det herleg å kunne komme opp hit å berre kvile. Men eg ser aldri føre meg at eg kjem til å flytte tilbake. Det er ikkje moglegheiter for å leve av teater her, og eg tvilar på at eg kan finne kjærleiken her. Men eg møtte jo han fyren sist, så ein veit aldri.

Kunnskap om homofili

Markus etterlyser endringar i læreplanen for å gjere det lettare for dagens unge skeive. – Det burde vere eit eige kapittel i naturfagboka om homofili, og ein burde ha fokus på å få plass til foredrag, kurs, teater med skeive tema. – Ein har jo også MOT. Kvifor kjem ikkje skeiv ungdom og held eit foredrag når ein har om det på ungdomsskulen? Og er det eit krav at lærarar må ha kunnskap om homofil sex? Det burde det vere.

Sunt kontaktnettverk gjennom teater

–I teatermiljøet er det veldig mange som er homofile, der er ikkje kva slags legning ein har ein gong eit tema. Etter at eg vart kjent med teatermiljøet i Oslo har eg følt på mykje mindre usikkerheit, og opplever ikkje trakassering. I det miljøet får eg berre aksept. No har eg det bra. Motstanden, det at eg har måtte kjempa har gjort meg sterkare. Eg er stolt av at eg har moglegheita til å formidle desse historiene.

Pasjon: Markus Saunes har vore svært interessert i musikk og drama heilt sidan barneskulen. Då var han aktiv innan kulturskulen i Ulsteinvik. Foto: Foto: Emily Louisa Millan Eide