Skal rulle frå Jessheim til Runde

Plast- og søppelproblematikk er tema når Jonas Berglund skal gå på rulleskøyter frå Jessheim til Runde i august.

Jonas Berglund  Foto: Privat

Jonas Berglund  Foto: Privat

Nyhende

I løpet av veka 6.-12.august skal Berglund gå 552 kilometer på rulleskøyter.

Siste stopp før Runde, skal etter planen vere Ulsteinvik anten fredag 10. eller laurdag 11. august.

Han skal også stoppe på Lillehammer, Otta og i Stryn.

Turen skal dokumentarast av Panorama Studio gjennom bilde og film som vert lagt ut forløpande på Youtube og sosiale medier.

På Runde håpter Berglund og Panorama Studio at mange møter opp på Runde og blir med på å rydde strendene der.