Det var kritikkverdige forhold som møtte LOs sommarpatrulje når dei besøkte Ulstein, Hareid og Herøy fredag, førre veke.

Verst i Møre og Romsdal

Forholda i desse kommunane er dei verste sommarpatruljen har avdekt so langt i Møre og Romsdal i år -Vi har til gode å finne så mange kritikkverdige brot som vi no har gjort på Søre Sunnmøre, forklarar Kent Logan i ei pressemelding til Vikebladet Vestposten måndags morgon. Verst var det i Ulsteinvik og Fosnavåg. Jelle som er Fagleg ungdomssekretær for LO i Møre og Romsdal er bekymra; -I enkelte bedrifter jobbast det mykje overtid, tilsette har lite eller ingen pausar, det er eit høgt tempo og eit svært dårleg arbeidsmiljø. forholda fører til sjuke arbeidarar. Dette gagnar verken den tilsette eller bedrifta. Her må bedriftene vere vakne og ta ansvar for eigne handlingar ovanfor sine tilsette. Forholda er so kritikkverdige at arbeidstilsynet vil få beskjed om vore funn på Søre Sunnmøre. Funna vil også bli tatt opp med fagforeiningane som har organisasjonar på desse arbeidsplassane, slik at dei kan følgje opp sine organiserte medlemmar. Vi har også fått vite at arbeidstakarar blir etterfølgde for å varsle om kritikkverdige forhold. Dette er stikk i strid med Arbeidsmiljølova som seier at ein har; «Rett til å varsle om kritikkverdige forhold i verksemda». Han meiner at det er viktig at det blir enklare og tryggare å varsle om kritikkverdige forhold på jobben.

Kameraovervaking

Ein del arbeidsgjevarar informerer ikkje om bruken av overvakingskamera der dei tilsette ferdast. Informasjon og merking av kameraovervaking er dei tilsettes rettigheit, for å vareta deira personvern. -Nokon tilsette kan tenke seg til at dei blir brukt for å vareta sikkerheit og hindre tjuveri, men vi har opplevd at kamera brukast til andre formål enn dei er sett opp til. Dette er i strid med reglane. Om arbeidsgjevarar er i tvil om korleis desse skal brukast, anbefaler vi dei å sjekke ut reglane på Datatilsynets nettsider, seier Kent Logan.

Informerer ikkje om verneombod

62 % av bedriftene som sommarpatruljen var innom hadde ikkje informert sine tilsette om kven som var verneombod, og hadde heller ingen oppslag på arbeidsplassen om dette. -Vi møtte bedrifter med over ti tilsette der sjefen var sjølvutnemnt verneombod. Unge arbeidstakarar er oftast utsette for skader på arbeidsplassen, og dei er som regel mest redde for å varsle om farlege eller kritikkverdige forhold på jobben. Difor er verneombod så utruleg viktig å ha på plass slik som lova seier. Det er også mange av dei valde verneomboda som ikkje har det lovpålagde 40 timars HMS (Helse, miljø og sikkerheit) kurset dei skal ta når dei har denne rolla. Dette er det bedrifta som skal dekkje.

Innom 55 bedrifter

Det var ikkje berre negative funn når sommarpatruljen var på besøk; -Av 55 bedrifter i dei tre kommunane var det berre 3 bedrifter som ikkje hadde kontraktar på sine tilsette. Nokon bedrifter lyser opp med fantastiske arbeidsforhold for unge arbeidarar og lærlingar. Dei blir overskygga av andre useriøse arbeidsgjevarar, fortel Kent Logan i pressemeldinga.